Fjelltur 10.08.2014
Småbrekke - Gulltjørnhytta - Småbrekke
Så var dagen komen for Fjellturen dette året. Me møtte på Bulken Skule, og køyrde til Småbrekke i Bergsdalen. Her parkerte me bilane våre og tok til på turen innover den gamle militærvegen mot Gulltjørnhytta, som var målet. Me starta på ca 500m.o.h. og skulle opp til ca 1000 m.o.h.. Været var fint turvær, litt overskya og litt vind. Me hadde ei lita regnbyge, men då sat me inne på hytta og åt nista vår. Det var berre 6 personar med på denne fine turen. Me tok det med ro, og brukte ca 3 timar kvar veg.