Voss 3. - 5. august 2018

voss

Fredag 3. aug.:

Opning av Norgesleikane kl. 1700

Promenademarsjen, 5 og 10 km løyper Start kl. 1800

Laurdag 4. aug.:

Herresåsen rundt, 5, 10, 20 km løyper Start kl. 0900-1000
Norgesleikanemarsjen, 5, 10 km løyper Start kl. 1600-1700
Felles middag i Smalahovetunet. kl 20.00 Påmelding

Sundag 5. aug.:

Bordalsgjelmarsjen 5, 10 km løyper Start kl. 0900-1000
Sykkelløype rundt Vangsvatnet
Symjing i Vossabadet Sekretæriat og kafe : Voss idrottshall

Teknisk tilskipar: Bulken Turmarsjlag

Voss er ei vestlandsbygd med lange leine lier

Jordbruk og turisme er næringsgrunnlaget og vidaregåande skular samlar mange unge.

Tradisjonelt har vintersporten stått sterkt med utøvarar på internationalt nivå, slik som Jon Istad, Eirik Kvalfoss, Astrid Lødemel, Jan Einar Thorsen, Kristen Skjeldal, Kari Trå, Lars Bystøl for å nevna nokon. No er Sjur Røthe (langrenn), Hilde Fenne (skiskyting) og Klaus Finne (Big Air) mellom dei aktive.

Om sommaren er det mange aktivitetar og fine turmål på alle nivå. Ekstremsport har vorte populært og på Voss vert ”Ekstremsportveko” arrangert kvart år i slutten av juni, der daglege stunt har vorte synt på ein av TV kanalane på kvelden. ”Voss vind” har vorte eit populært tilbud der mange kjem langvegs frå for å prøva å fly. Andre kjende festivalar er Vossajazz i Palmehelga og Osafestivalen i oktober.

Voss Idrettshall

Her vil opninga av Norgesleikane vera. Sekretæriatet og kafe vil ein finna her under leikane. Marsjane vil ha start og innkomst her.

Promenademarsjen

Her går me langs Vangsvatnet på sti, gang og sykkelveg og veg. Langløypa går forbi Finnesloftet som er bygd i 1295. Den er den eldste ikkje kyrkjelege bygningen i landet. Underetasjen er lafta og andreetasjen er stavverk. Bygningen vart truleg brukt for fest og representasjon. Vangskyrkja frå 1277 er bygd i stein og var ein av få bygningar som stod att på Vangen etter bombinga i 1940.

Herresåsen rundt

I Voss ski og tursenter vart det arrangert ski NM i 2012, NM i Skiskyting i 2014 og Nordisk ungdomsmeisterskap i 2017. Her vil me laga 5, 10 og 20 km løyper. Voss Ski- og Tursenter er fylkesanlegg for langrenn og skiskyting og er plassert om lag 15 minutt med bil frå Voss sentrum. Vinter: På vinteren finn du langrennsløyper for alle nivå: Både konkurranseløyper, skileikområde og heile 20 km med turløyper i eit snøsikkert og familievenleg område. Det er 5 km lysløype og nypreparerte løyper heile vintersesongen. Sommar: På sommarstid er det rulleskibane, samt skogsvegar og stiar. I dette området vil marsjen gå.

Norgesleikanemarsjen

Me går forbi Mølstertunet som er eit opprinneleg gardstun. Garden er gamal, truleg frå før vikingtida. Me veit ikkje kva tid garden fyrst vart delt, men i 1521 var det to brukarar på Mølster. Husa deira er samla i eit rekkjetun, ein tunskipnad som var vanleg i vossebygdene. Her hadde brukarane kvar sine stovehus, eldhus, loft, buer, fjøs, løer og vedhus. Eine bruket hadde òg ei kårestove. Det er fin utsikt over Voss sentrum, Vangsvatnet og gardar og fjell på den andre sida av vatnet.

Bordalsgjelsmarsjen

Marsjen vil gå på sti og veg med utgangspunkt frå Idrettshallen til Bordalsgjelet. Bordalsgjelet er ein spektakulær naturattraksjon i gangavstand frå sentrum. Det djupe og dramatiske Bordalsgjelet er tilrettelagt for publikum med informasjonstavle, utsiktspunkt og benker. Når det ikkje er snø og is er det òg ein tilrettelagt sti du kan følgje innover gjelet. Her får du god utsikt til dei fantastiske jettegrytene som is og elva har forma gjennom årtusen, men hugs, for di eiga sikkerheit: hald deg til dei merka stiane!

Sykkelløype

Vegen rundt Vangsvatnet.

Symjing

Vossabadet like ved Idrettshallen, opna i okotober 2017.

kart norgesleikane

Overnattingsstader:

Det er midt i ferietida, så hugs å skaffa overnatting i tide! I sentrum er det parkeringsgebyr. I Parkeringshuset og eit par andre parkeingsplassar kostar det pr dato kr 40 / døgn.

Fleischer`s Hotel og Motel tlf. 56 52 05 00
Park Hotel Vossevangen tlf. 56 53 10 00
Voss Vandrarheim Hostel tlf. 56 51 20 17
Store Ringheim Gjestetun tlf. 95 40 61 35
Voss Resort Bavallstunet tlf. 47 00 47 00
Voss Camping tlf. 56 51 15 97
Saue Camping
Tvinde Camping tlf. 56 51 69 19
Flatlandsmo Camping tlf. 56 51 78 08
Taulen Camping tlf. 92 07 67 37

For nærare info og informasjon:
Harald, tlf. 992 03 464

Last ned pdfpdf-fil om arrangementet.3.50 MB