Serietur 26.04

Kvåle - Seimshagen - Mølster - Kvåle


Denne kvelden køyrde me til rasteplassen på Kvåle, og parkerte bilane , og starta turen opp gjennom gardane på Kvåle og Lydvo, og gjekk opp til Seimshagen, og vidare oppover til Mølster. Her vende me nasa nedover att og kom ned i Ullestadfeltet, og gjekk vidare til Gullfjordungen skule og forbi Voss Folkehøgskule, og Lyvaloftet, og opp til Lydvo, og nedatt til Kvåle. Det var sol og fint vær, litt sur og kald vind, men det var allikavel 25 personar som var med og gjekk denne fine turen.