PV løype

6 og 12 km. Rundløype.

Arrangør: BULKEN TURMARSJLAG

Open frå 1 april til 31 oktober.

Dette er eit tilbod til alle som vil
ut og gå ein fin tur i Vossaområdet.

Den er open frå 1. april til 31.
oktober. NB. Berre ein runde pr. dag.

Løype.

Løypa går etter vegar noko asfalt og
noko grusvegar, og ein passerar mange serverdigheiter undervegs. Løypa er 6 og
12 km lang. Løypa kan også nyttast med barnevogn og rullestol.

Start/mål.

Stavenes bensin (Yx-stasjon),
Strandavegen 5700 VOSS

Yx-stasjonen er døgnopen.

Kontroll.

Det er sett ut 3 kontrollpostar
undervegs, med bokstavar som skal noterast på startkortet.

NB. Hugs noko å skriva med.

Registrering – Startkontingent –
Stempling.

Fyll ut startprotokoll og startkort
med nødvendige opplysningar.

Pris : Berre kr. 20.-

Premiering: Kjøp av stoffmerke kr. 25.-

Etter at ein er ferdig med turen er
det tid for stempling av IVV kort.

Tre stempel i deltakarbeviset pr.
sesong og eit stempel pr. gong i kilometerkortet.

Forfriskingar:

Mat og drikke og ev. snacks kan
kjøpast ved start/innkomst.

Opplysningar – kontakt Bulken
Turmarsjlag

Harald Ringheim tlf: 56513022/99203464