Sommartrim 13.06.17

Raugstad - Huldrehaugen -Raugstad

 

Så var det sommartrimmen som står for tur. Det var 20 personar som var med denne kvelden. Me starta får Heggjavad, og gjekk oppover til Kiseldur, og nedatt til Huldrehaugen. Her var det laga til med rjomegraut og kaffi. Dette vart då også ein avslutning på første del av sommarserien. Her vart dety ein prat og kaffikos. Grauten smakte fortreffeligt og kaffien var god. Været var overskya, men opplett. Det var litt blautt i deler av løypa, emn ikkje verre enn at me kom greitt forbi.  Så vil me ynskja alle ein riktig fin sommar.

  • DSCN0579 
  • DSCN0584
  • DSCN0587
  • DSCN0591
  • DSCN0592
  • IMG 2367
  • DSCN0600
  • DSCN0611
  • DSCN0615
  • I løypa
  • I løypa
  • Ventar på grauten
  • Så vert grauten servert
  • Servering av flatbrød
  • Kaffikoking på bålpanne
  • To blide damer
  • Gruppa på Huldrehaugen
  • Kveldsbilete over Voss