Sommartrim 23.06.15

Heggjavad - Huldrehaugen - Heggjavad


Så var det årest sommartrim som stod for tur. Det var 23 personar som stilte opp for å vera med på ein fin kveldstur. Været var sol, vin og litt overskya. Me køyrde til Heggjavad og parkerte bilane. Her hadde me ei flott utsikt over vossebygda. Så startaq me gåturen oppover lia mot målet som var "Huldrehaugen" her venta Bjørg Kari og Agnar med  rjomegraut og spekemat. Det smakte svært godt med graut etter at me hadde forflytta oss ca 300 høgdemeter. Etter grauten var fortært, stod skogskaffien med noko attåt klar. Dette smakte også svært godt. Me var no klar for returen, nedatt til bilane. Dette var siste turen før me tek sommarferie, så me vil då ynskja alle god sommar, og vel møtt til hausten, til mange fine turar.

Sommartrim 23.06.15

  • IMG 3264
  • IMG 3266
  • IMG 3265 
  • IMG 3270
  • IMG 3273
  • IMG 3276
  • IMG 3279
  • IMG 3290
  • IMG 3296
  • IMG 3299
  • IMG 3301
  • Studerar utsikta
  • Utsyn over Voss
  • Teltet til Ekstremsportveko
  • I løypa
  • Vinterens herjingar
  • Er me på rett veg ?
  • I løypa
  • Matservering
  • Her storkosar me oss
  • OG maten smakte
  • Gruppa i hytteveggen