Jolamarsj 2014
Då var dagen for jolamarsjen komen og på tide å koma seg ut og trimme litt, etter mykje stillesitjing.
Været var ca 15 cm nysnø og 7 - 8 kalde grader. Det vart totalt 20 personar som starta denne dagen.
Dei fekk severt varm saft på vendepunktet, og det smakte godt. Når dei kom i mål var det varm gløgg, kaffi, peparkaker og clementiner, som sto på menyen.