Fjelltur 2013
Årets fjelltur starta med frammøte på Bulken skule. Det var 13 personar som møtte opp denne sundagsmorgonen.
Me køyrde til Engjaland, og vidare opp til nyestølen, og starta på bratte bakkar oppover. Nyestølen ligg på ca 600 m.o.h. og me var opp i ca 1100 m.o.h. Det var overskya då me starta, men fekk ei regnbyge på oss oppi bakkane, og så letta det opp med litt solskin ei stund, medan me rasta. Når me var starta på returen, kom det ei skikkelg regnskur, men me måtte berre fortsetja. Det var bratt i starten, og så flata det ut i flott fjellterreng, og me såg ned att til Myrkdalen og hyttelandsbyen. Det vart ein fin tur.